BraToshiba Seiya Nordic 25
A++Produktdatablad- 2,6 kW ved −15 °C
- SCOP 4,6
- 21 dB inne

Sunnfjord · Sogn · Nordfjord — eigne F-gass-sertifiserte montørar
Toshiba, Daikin, NIBE, Samsung og Panasonic – ferdig montert til fast pris, med gratis befaring og faktura først etter montering.
Toshiba Kontur 35 leverer minst 5,2 kW ved −12 °C (oppgitt ved −15 °C) · SCOP 5,4 · driftsgrense −30 °C Sjå modell
Nordiske modellar er fabrikktesta til −30 °C. Vi monterer dei i indre Sogn kvar vinter.
Ferdig montert til fast pris
Prisen du ser, er prisen du betalar: varmepumpe + standard montering av vår eigen F-gass-sertifiserte montør. Faktura først når varmen er på.
Bra
Betre
Best
Bra
BetreDesign
BestStandard montering luft/luft: kr 6 000 (1 innedel). Multisplit med 2 innedelar: kr 9 500. Sjå kva som er inkludert. Alle prisar inkl. mva.
Sparekalkulator
To spørsmål gir eit første overslag. Heile reknestykket tek under to minutt og byggjer på tal frå SSB, NVE, Enova og SINTEF – ikkje på salstal.
Rekna ut for Førde-klima (graddagstal 3 879, MET). Straumpris 1,00 kr/kWh inkl. nettleige og avgifter. Luft-til-luft, open løysing over to plan.
Frå befaring til varme
Éin kontaktperson frå befaring til ferdig montert. Du betalar ingenting før varmepumpa er montert og igangkøyrd.
Heime hos deg eller på 15 minutts video. Vi ser på vegg, plassering av utedel og straum.
Eitt tal: varmepumpe + standard montering. Ingen «frå»-prisar og ingen overraskingar.
Eigen F-gass-sertifisert montør. Røyrstrekk, drens, kanalar, brakett og vibrasjonsdemparar er inkludert.
Vi testar anlegget og viser deg innstillingane som gir lågast forbruk om vinteren.
Reins og kontroll frå kr 1 990. Med serviceavtale kallar vi deg inn automatisk.
Heile varmeanlegget under eitt tak
Eigen røyrleggjar, NIBE-partnar og Toshiba-forhandlar. Det betyr at vassboren varme, bergvarme og næringsbygg får same faste kontaktperson.
Luft-til-vatn + røyrleggjar
Har du radiatorar, golvvarme eller ein gammal oljekjel? NIBE S2125 og Daikin Altherma gir heile huset og varmtvatnet frå éin utedel. Enova dekkjer 25 % av kostnaden, inntil kr 20 000 – vi hjelper deg å søkje før du bestiller.
Bedrift og næring
Takkassettar, multisplit og luft-til-vatn for næringsbygg i heile Sogn og Fjordane. Befaring med eiga næringsgrein i skjemaet.
Service og bytte
Service frå kr 1 990, reparasjon med feilsøking, og bytte der vi tek med den gamle pumpa og leverer kuldemediet til Isovator.
Referansar
Vi bur her sjølve. Frå Sande dekkjer vi Sunnfjord, Sogn og Nordfjord – og har truleg montert den vestlegaste varmepumpa i landet, på Sandøy i Askvoll.

Stordal · Næring
Ein ny leigetakar utløyste behovet for ny oppvarming hos Vad Eiendom AS. I den tidlegare møbelfabrikken skulle store hallar få ei meir fleksibel varmeløysing.

Valldal · Næring
Valldal Bilsenter ønskte å redusere kostnadene og sleppe arbeidet med dieseloppvarming. To varmepumper vart løysinga for om lag halve verkstaden på 500 m².

Florø · Næring
Oppvarminga av verkstaden var blitt ein stor utgiftspost for GS-Maskin. Ei oppgradering gav entreprenørverksemda betre komfort og lågare straumforbruk.
Område vi dekkjer
Bestillte en Toshiba Daiseikai 9-25 varmepumpe inklusive montering hos Fjordane Varmepumpeservice til en hytte beliggende i Ytre Sula (Nautøyna). Dagen etter bestilling møtte firmaet opp med 2 profesjonelle teknikere/montører og monterte den nye varmepumpen. Kan det bli bedre service? Tviler sterkt på det.Trond Jacobsen · Google
Ser ikke at de har vore innihus! Fantastisk kjappe, flinke!Joakim Sund. Johannessen · Google
Rask respons på tilbud og levering. Super service!Nina Vagstad · Google
Du får ikke bedre service andre plasser!Sander Alstad · Google
Om oss
Thomas Grepstad har montert varmepumper i Sunnfjord sidan 2011. I dag er vi sju: montørar, serviceteknikar, røyrleggjar og sal – frå Sande og Kaupanger.




Rørleggjar, vassboren varme · Sande
F-gass-sertifisert · Autorisert røyrleggjarSpørsmål og svar
Korte svar med tal. Fleire spørsmål finn du under kvar modell og på servicesida.
Ein einebustad frå 1970-talet i Sunnfjord sparar typisk 6 000–9 000 kWh i året med luft-til-luft – om lag 6 000–9 000 kroner med ein straumpris på 1 krone. I nyare, godt isolerte hus blir talet lågare, fordi oppvarmingsbehovet er mindre. Sparekalkulatoren vår reknar ut ditt tal ut frå areal, byggjeår, klima og kva du fyrer med i dag.
Hos oss startar luft-til-luft på om lag kr 23 500 ferdig montert, og dei største modellane ligg rundt kr 47 500. Prisen du ser i nettbutikken er alltid pumpa pluss standard montering av vår eigen F-gass-sertifiserte montør – ingen tillegg for køyring innanfor 50 kilometer. Luft-til-vatn blir prisa etter befaring.
Standard montering av ei luft-til-luft-pumpe kostar kr 6 000 med éin innedel, og kr 9 500 for multisplit med to innedelar. Monteringa blir lagt automatisk til i handlekorga når du kjøper ei varmepumpe, fordi pumper med kuldemedium berre kan installerast av F-gass-sertifiserte føretak.
Luft-til-luft får inga støtte. Luft-til-vatn får 25 prosent av kostnaden, maksimalt kr 20 000. Væske-til-vatn, altså bergvarme, får 25 prosent opp til kr 40 000. Du må søkje og få tilsegn før arbeidet startar – vi hjelper deg med søknaden på befaringa.
Ja, nordiske modellar er fabrikktesta til minus 25 eller minus 30 grader og gjev varme heile vegen. Men effekten fell når det blir kaldare, og årsvarmefaktoren med han. På dei kaldaste dagane treng dei fleste hus litt tilleggsvarme frå ved eller panelomnar – det er normalt og innbakt i reknestykka våre.
Vi tilrår full service annakvart år på luft-til-luft og kvart år på luft-til-vatn. Mellom servicane bør du vaske filtera i innedelen sjølv nokre gonger i året. Service held effekten oppe, senker straumforbruket og er ein føresetnad for garantien frå produsenten.
Gratis og uforpliktande
Fast pris etter befaring. Faktura først når varmen er på.
To provide the best experiences, we and our partners use technologies like cookies to store and/or access device information. Consenting to these technologies will allow us and our partners to process personal data such as browsing behavior or unique IDs on this site and show (non-) personalized ads. Not consenting or withdrawing consent, may adversely affect certain features and functions.
Click below to consent to the above or make granular choices. Your choices will be applied to this site only. You can change your settings at any time, including withdrawing your consent, by using the toggles on the Cookie Policy, or by clicking on the manage consent button at the bottom of the screen.