Mån–fre 08–16 · Sande i Sunnfjord · Kaupanger

Framside / Spørsmål og svar / Kor ofte treng varmepumpa service?

Spørsmål og svar · Service

Kor ofte treng varmepumpa service?

Vi tilrår full service annakvart år på luft-til-luft og kvart år på luft-til-vatn. Mellom servicane bør du vaske filtera i innedelen sjølv nokre gonger i året. Service held effekten oppe, senker straumforbruket og er ein føresetnad for garantien frå produsenten.

Sist oppdatert Fagleg gjennomgått av Thomas Grepstad, F-gass-sertifisert montør

Kva du gjer sjølv

Ta ut filtera i innedelen og skyl dei i lunka vatn nokre gonger i året – oftare om du har hund eller katt. Tette filter er den vanlegaste grunnen til at pumpa varmar dårlegare og brukar meir straum. Sjå til at utedelen står fri for lauv og snø.

Kva teknikaren gjer

Den fulle servicen tek det du ikkje kjem til: reins av varmevekslar og botnpanne, kontroll av trykk og koplingar, temperaturmåling og funksjonstest. Annakvart år på luft-til-luft, kvart år på luft-til-vatn og heilt ute ved sjøen. Fastpris frå kr 1 990 – bestill på service-sida.

Neste steg

Vil du ha svaret for ditt hus?

Gratis befaring heime hos deg eller på video – fast pris ferdig montert.

Eller ring 57 62 40 20 · Mån–fre 08–16

Fleire spørsmål

Meir om same tema

Kor lenge varer ei varmepumpe?

Rekn med 12–15 år med normal bruk og regelmessig service. Utedelen står ute i all slags vêr, så plassering og vedlikehald betyr mykje for levetida – særleg ved kysten, der salt luft tærer. Du har fem års reklamasjonsrett på pumpa når ho er montert av eit sertifisert føretak.

Les heile svaret

Gratis og uforpliktande

Vi kjem heim til deg – eller møtest på video i 15 minutt

Fast pris etter befaring. Faktura først når varmen er på.