Ulike rom fekk ulike løysingar
I verkstaden stod tidlegare takmonterte varmeelement og ein elektrisk omn på om lag 10 kW for oppvarminga. Styreleiar Geir Sandvik kontakta Thomas Grepstad i Fjordane Varmepumpeservice AS, som verksemda hadde gode erfaringar med.
Til verkstaden tilrådde Grepstad ei Toshiba Super Digital Inverter 1401 med aerotemper som innedel.
Kontordelen hadde allereie eit par varmepumper av bustadtypen. Desse vart erstatta med ei kraftigare løysing med takmontert innedel. Elektriske panelomnar i kantina vart òg fjerna.
Merkar skilnaden på straumrekninga
Sandvik opplyser at innsparinga er betydeleg, sjølv om han ikkje har talfesta henne. Verksemda driv som før, men bruker mindre straum og opplever betre varmefordeling i lokala.
Har bedrifta di både kontor og verkstad? Fjordane Varmepumpeservice AS hjelper deg å finne oppvarming tilpassa bruken av kvart rom.






