Ein einebustad frå 1970-talet på 150 m² i Førde sparar typisk 6 000–9 000 kilowattimar i året med ei luft-til-luft varmepumpe. Med ein straumpris på éi krone per kilowattime inkludert nettleige og avgifter er det 6 000–9 000 kroner. Nye, godt isolerte hus sparar mindre – der er komfort og kjøling hovudgevinsten.
Kva seier forskinga?
- Enova-undersøkinga til Nord-Trøndelagsforskning (466 hushald, før og etter) fann i snitt 5 116 kWh lågare straumforbruk per år.
- SSB sin husenergistatistikk (2022) viser at hus på 100–149 m² med varmepumpe bruker i snitt 2 700 kWh mindre energi totalt; hus over 150 m² i 2012-tala låg 3 900 kWh lågare.
- SSB finn òg at mange tek ut delar av gevinsten i høgare innetemperatur (0,4 grad varmare) – pumpa gjev både lågare rekning og betre komfort, og du vel sjølv fordelinga.
- NOVAP reknar med at ei luft-til-luft pumpe dekkjer 50–70 prosent av oppvarmingsbehovet i eit hus med open planløysing.
Reknestykket for eit 70-talshus i Førde
Slik reknar sparekalkulatoren vår, med tal frå SINTEF, MET og NVE:
| Romoppvarmingsbehov, hus frå 1970–86 | 190 kWh/m² · 150 m² · klimafaktor Førde 1,06 = 30 200 kWh |
|---|---|
| Minus vedfyring (60 sekker, reintbrennande omn) | − 3 100 kWh → 27 100 kWh på straum i dag |
| Del pumpa dekkjer (open løysing, to plan) | 60 % → 16 260 kWh varme |
| Straum pumpa brukar (årsvarmefaktor 2,5) | 6 500 kWh |
| Spart | om lag 9 000 kWh, vist som 6 000–9 000 kWh |
| I kroner (1,00 kr/kWh) | 6 000–9 000 kr, nedbetalt på om lag tre år |
Årsvarmefaktoren 2,5 er den reelle, målte verdien i norske hus (NVE 2016, NOVAP, NVE/DiBK 2022) – ikkje SCOP-talet på energimerket, som gjeld eit standardisert klima. Det er den skilnaden som gjer at vi viser eit intervall, ikkje eitt tal.
Kvifor sparar eit nytt hus mindre?
Eit TEK17-hus på 180 m² i Sogndal med panelomnar og 18 000 kWh i året har berre 6 800 kWh romoppvarming å hente frå. Pumpa dekkjer 60 prosent av det med ein tredel av straumen: spart om lag 2 500 kWh, altså 2 500 kroner i året og elleve års nedbetaling. Der er det kjøling om sommaren og jamn varme som er argumentet – ikkje reknestykket. Vi seier det som det er på befaringa.
Kva med straumprisen i 2026?
Norgespris gjev 50 øre per kilowattime på kraftdelen ut 2026, inntil 5 000 kWh i månaden. Nettleige (Linja: 38,67 øre dag, 28,67 øre natt og helg) og avgifter kjem i tillegg, så den samla marginalprisen i Sunnfjord ligg på 0,85–1,00 kr/kWh, og opp mot 1,30 i dyre år. Kalkulatoren vår lèt deg setje prisen sjølv. Les meir i guiden om Norgespris.
Kva pumpe gjev mest att?
Effekten ved minus 15 grader avgjer kor stor del av vinteren pumpa klarar åleine. Toshiba Kontur 35 gjev 5,2 kW ved −15 °C med SCOP 4,6 i kaldt klima; Daikin Synergi 40 gjev 5,4 kW. Ein for liten pumpe sparar mindre fordi panelomnane tek over på dei kaldaste dagane.
