Neste steg
Usikker på storleiken?
Vi dimensjonerer på befaring – gratis og uforpliktande. Du får ein fast pris inkludert montering.
Eller ring 57 62 40 20 · Mån–fre 08–16
Toshiba Ask (Daiseikai 10) er varmepumpa med eit unikt design i heiltre som løftar kva interiør som helst. Ask er full av smarte funksjonar, og med integrert wifi styrer du inneklimaet frå mobilen. Teknisk er Ask lik toppmodellen Kontur.
Ask er ei elegant varmepumpe med reine liner i heiltre som gjev eit tydeleg nordisk preg. Ingenting er overlate til tilfeldigheitene – og Ask vann iF Design Award i 2024.
Det robuste asketreet seier noko om kva du kan vente deg. Sjølv ved −25 °C gjev Toshiba Ask 25 3,9 kW varme, og ved −15 °C 4,9 kW. Ask har fabrikkgarantert drift ned til −30 °C og held fram med å varme også når det blir endå kaldare.
Ask har mellom anna ein termisk sensor som lèt deg styre luftstraumen dit du vil. Anten rommet er fullt av folk eller tomt, justerer Ask temperaturen automatisk for god komfort og lågare straumforbruk.
Med appen Toshiba Home AC Control styrer du varmepumpa frå mobilen. Du kan justere temperatur, modus og viftefart – og følgje med på straumforbruket.
Nesten halvparten av plasten i innedelen er resirkulert, og treverket kjem frå PEFC-sertifisert, berekraftig skog. Det gjer Ask til eit berekraftig val for både inneklima og miljø.
Tekst og bilete: Toshiba / ABK-Qviller.
Toshiba Best
Toshiba Ask 25 gjev 4,9 kW varme ved −15 °C og SCOP 4,6 i kaldt klima. Ferdig montert av vår eigen F-gass-sertifiserte montør, med faktura først etter montering.
Varmepumpa blir levert og montert av vår F-gass-sertifiserte montør. Sal for eigenmontering er ikkje tillate (produktforskrifta kap. 6a).
Passar for: 90–150 m², Hytte Rettleiande
Dette kjem i tillegg: elektrisk tilkopling av utedel og jordfeilbrytar (elektrikar), boring gjennom Leca eller lettmur, lift eller stillas over arbeidshøgd, og køyring utover 50 km.
| Nominell varmeeffekt | 3,2 kW |
|---|---|
| Maks varmeeffekt (+7 °C) | 6,7 kW |
| Varmeeffekt ved −7 °C | 5,35 kW |
| Varmeeffekt ved −15 °C | 4,9 kW |
| Varmeeffekt ved −25 °C | 3,9 kW |
| Driftsgrense | -30 °C |
| SCOP middels klima | 5,5 |
|---|---|
| SCOP kaldt klima | 4,6 |
| Energiklasse varme | A+++ |
| Energiklasse kjøling | A+++ |
| SEER | 10,5 |
| Lyd inne, lågast | 19 dB |
|---|---|
| Lyd inne, høgast | 54 dB |
| Lyd utedel | 60 dB |
| Mål innedel (H×B×D) | 293×940×257 mm |
| Modellkode innedel | RAS-B25S4KVDG-ND |
|---|---|
| Modellkode utedel | RAS-25S4AVPG-ND |
| Kuldemedium | R32 |
| Wifi | integrert |
| Importør | ABK-Qviller |
Dokumenta ligg hos importøren, så du alltid får siste versjon.
Innedelen bør henge høgt på ein yttervegg i det rommet du oppheld deg mest, med fri luftstraum ut i resten av bustaden. Unngå å blåse rett mot sofaen eller senga, og unngå trange krokar bak dører. Er huset oppdelt, betyr plasseringa meir enn storleiken – det er noko av det vi ser på under befaringa.
Utedelen skal stå fritt, på vegg eller bakkestativ, med god avstand til snø og drenering for smeltevatn. Ved kysten held vi han vekke frå den mest saltutsette sida. Tenk òg på naboen: støygrensa som blir lagd til grunn er 35 desibel ved nabosida om natta.
Ei vanleg luft-til-luft-montering tek fire til fem timar. Då er hol i trevegg, røyrstrekk, oppheng av inne- og utedel, test, igangkøyring og gjennomgang med deg inkludert. Vi ryddar etter oss. Multisplit og luft-til-vatn tek lengre tid, og blir avtalt særskilt.
Nei. Varmepumper inneheld fluorhaldige kuldemedium, og produktforskrifta kapittel 6a krev at dei blir installerte av F-gass-sertifiserte føretak. Vi kan difor heller ikkje selje pumper til eigenmontering. Blir pumpa montert av ein usertifisert, fell òg reklamasjonsretten bort.
Neste steg
Vi dimensjonerer på befaring – gratis og uforpliktande. Du får ein fast pris inkludert montering.
Eller ring 57 62 40 20 · Mån–fre 08–16
Sjå òg
Same storleiksklasse eller same serie – alle ferdig montert til fast pris.



Gratis og uforpliktande
Fast pris etter befaring. Faktura først når varmen er på.
To provide the best experiences, we and our partners use technologies like cookies to store and/or access device information. Consenting to these technologies will allow us and our partners to process personal data such as browsing behavior or unique IDs on this site and show (non-) personalized ads. Not consenting or withdrawing consent, may adversely affect certain features and functions.
Click below to consent to the above or make granular choices. Your choices will be applied to this site only. You can change your settings at any time, including withdrawing your consent, by using the toggles on the Cookie Policy, or by clicking on the manage consent button at the bottom of the screen.