Vi søker etter fleire medarbeidarar:

Fjordane Varmepumpeservice AS er eit selskap i voldsom vekst, og held til på Sande i Sunnfjord. 

Vi betjenar kundar i hele Sogn & Fjordane (Vestland) og planlegg nye kontor i fylket dei nærmaste år som kjem.
Vi er i dag den største leverandøren av varmepumper i vår region og blant dei største i Noreg.

Vi fører merker frå kjende kvalitetsleverandørar som TOSHIBA, SAMSUNG & NIBE varmepumper frå offisiell importør.

Det er heilt avgjerande for oss å levere på god service, fleksibilitet, leveringsdyktighet og høg kompetanse.

Ynsker du å bli ein del av vårt selskap ta kontakt med Thomas Grepstad på tlf: 948 02 298 eller e-post: thomas@fjordanevps.no.

Meir om jobben

Arbeidsgjevar: Fjordane Varmepumpeservice AS

Frist: Snarast
Varighet: Fast 100% stilling


Vi søker: 
 

  • F-gass sertifiserte montørar.

  • Service montør.

  • Rørleggar.

F-gass sertifisert montør, ynskje om kvalifikasjonar:

  • Har personlig F-gass sertifisering (ikkje et krav då dette kan dekkast av arbeidsgjevar)
  • Erfaring innen håndverksfaget, gjerne med relevant fagbrev, tømrar, elektrikar, rørleggar, automatikar etc, (ikkje krav).
  • Førarkort klasse B.
  • Punktlegheit.

Vi kan tilby:

  • Konkurransedyktige lønnsbetingelsar.
  • Pensjonsordning.
  • Telefonordning.
  • Servicebil.
  • Godt arbeidsmiljø.

Ynskje om personlege eigenskapar:

  • Proaktiv.
  • Skapande.
  • Løysingsorientert.
  • Stå-på-vilje.
  • Kundeorientert.

 

    FRI SYNFARING
    close slider

      Få rett varmepumpe til din bustad.

      Fyll ut skjema for ei fri synfaring.